14.-19. juli: Sommerdager på Utstein - Retreat om kunstens vitnesbyrd, med Karoline Emmerhoff

14.-19. juli: Sommerdager på Utstein - Retreat om kunstens vitnesbyrd, med Karoline Emmerhoff

Sommerdager på Utstein Pilegrimsgard - Retreat om kunstens vitnesbyrd, med Karoline Emmerhoff

 

Velkommen til sommerdager – dager i stillhet i en ramme med felles måltider, tidebønner og med fokus på kunstens vitnesbyrd.

 

 

Sommeren 2018 har vi åpne og fleksible retreatdager med ulike tema. Det betyr at du kan delta de dagene som passer for deg.

 

Pilegrimsgarden vil være et sted som viser vei til Kristus - også gjennom kunsten. Vi stanser opp med kunstverkene på huset og det budskapet de har å fortelle. Vi vil også få et innblikk i hvordan de ulike verkene har blitt til, og proessen fra idé til ferdig arbveid fra kunstnerens ståsted.

 

Karoline Emmerhoff står bak utsmykningen og kunsten på huset, og blir med oss disse sommerdagene.  

 

 

Pris kr 1000,- pr døgn. Påmelding på våre nettsider.

 

 

Karoline hilser oss med teksten nedenfor:

 

RETREAT MED KUNST

Utstein Pilegrimsgard sin visjon er å vera ein stille stad som viser veg til Kristus – også gjennom kunsten. Heilt ifrå starten har det vore ei bevisst satsing på å ta i bruk det kunstnariske i denne målsetjinga.

På denne sommar-retreaten stanser vi opp ved kunstverka som er integrerte i huset. I det stille rommet, og andre stader. Lytter oss inn i stillheten gjennom desse. Vil vil også få eit innblikk i korleis verka har oppstått, og prosessen frå idé til ferdig arbeid frå kunstnarens ståstad.

 

OM MEG SJØLV

Eg har alltid likt å skape, og å lage ting med hendene mine. Dette har vorte mitt liv og min lagnad. Å arbeide fram ei form eller ein komposisjon, i eit eller anna materiale, er for meg ein måte å meddele meg på.

Tidleg på nittitalet starta eg eigen keramikkverkstad. Tekstile materialar har eg alltid hatt rundt meg - heilt ifrå eg var lita. Det har vorte ein del utsmykkingsoppdrag, mange av sakral karakter. Kyrkjetekstilar og fleire stille rom. I dei sakrale oppdraga har eg ofte prøvd å finne nye trus-uttrykk.

Mitt siste store prosjekt er Krukkesong- åtte krukker syng sine songar- eit nyskapande tverrfagleg prosjekt mellom keramikk og musikk. I 2017 hadde vi fem framføringar i Rogaland fylke. Det blir fleire nye i 2018.

Den viktigste kjelda til min kreativitet er å lytte til meg sjølv og til Gud.

Lyttarforholda under retreat har eg erfart særs gode. Å gå inn i dette store og stille rommet, og late sansane få opne seg meir opp enn til vanleg. Få tak på saker og ting som ellers lett kunne ha gått tapt.

Bilder og meir info om kunstnar kan ein finne med å følge linken under, eller på på facebook: Kunsthandverkar Karoline Emmerhoff

http://norskekunsthandverkere.no/user/859/edit/min-kunstnerpresentasjon

 


Del denne artikkel på e-post