No takkar Reidun av

No takkar Reidun av

No takkar Reidun av

Folk på Pilegrimsgarden

No takkar Reidun av

 

 

Ingen kjenner tilhøva på Pilegrimsgarden slik som Reidun Kyllingstad. Gledene, slitet, alle gilde folka, arbeidet, veksten, resultata, dei gyldne augneblinka, strevet for økonomien og visjonen bak innsatsen. Ho kallar utviklinga eit eventyr.

Av Reidun Gudmestad

 

Me sit i dei nyinnkjøpte godstolane oppe i salongen. Me nyt utsynet over Klostervågen bort til Fjøløy og himmelen som skiftar farge, og me snakkar om korleis alt dette vart til, om korleis den gamle, nedlagde skulen har vorte ein stad der folk kjem i flokkar for å finna stillhet og  ro og å søkja Gud.

 

Visjonen ja: Der tid og evighet, hav og himmel, mennesker og Gud møtes!

…et stillhetens sted som viser vei til Kristus.

 

-Eg tenkte tidleg i prosessen at me måtte begynna å be, Pilegrimsgarden måtte vera eit bønnehus. Difor inviterte eg til pilegrimsbønn ein gong i månaden. Den første gongen var det fire som kom. Det var ein start på noko som heldt fram og fortsette i mange år.

På same vis inviterte ho til nabotreff. Ho ønskte at folk skulle koma og bli kjent med pilegrimsgarden. Også det heldt ho på med lenge.

 

Vekst

—Etter kvart har arbeidet her vorte langt større enn eg tenkte i starten. Interessa er større, tilbodet er breiare enn eg kunne forestilla meg.

Det har vore som eit eventyr. Eg er så takknemleg for å ha fått vore med. Det har vore mykje arbeid, men også veldig mange gode møte med menneske og så mange takknemlege tilbakemeldingar frå folk om at det har betydd noko å vera her, at dei har fått hjelp til livet sitt og vorte møtte på ein god måte.

 

Naturen

Dei sit gjerne akkurat her, gjestene på Utstein Pilegrimsgard og konsentrerer seg om tekstane dei har fått, om  tankane og stillheten. Imens kan dei la blikket kvila og la seg sjølv falla til ro.

Eller dei er ute og går i den vakre naturen her slik også Reidun ofte gjer, bruker naturen og vandringane som ein del av det å vera på retreat.

-Dette er det vakraste landskapet eg veit, seier ho. -Kulturlandskapet her er så spesielt. Eg blir aldri lei av å gå her. Himmel og hav møtest og alle sauene er også gode å sjå på. I mange retreat bruker me naturen bevisst, og legg inn ord til ettertanke i vandringane.

 

Misjonær

Før ho kom tilbake til Rogaland var ho lærar på Gå Ut Senteret, Santalmisjonen sin bibel- og misjonsskule, i ti år. Ho har også  vore misjonær i Bangladesh i tolv år og informasjonsmedarbeidar i Santalmisjonen. Med lærarskule og hovudfag i kristendom som grunnlag, vurderte ho seriøst å la seg ordinera til prest. Det vart lagt på hylla. Etter at ho hadde kome til Utstein, vart ho ordinert til diakon.

-Det har betydd veldig mykje for meg å  vera ein del av det yrkesfellesskapet i bispedømmet, fortel ho. Sidan ho lenge var åleine tilsett her, har også kontakten med dei andre retreatsentra på Austlandet og oppbakkinga derifrå betydd mykje.

 

Byggja nytt

Den siste oppgåva som yrkesaktiv vart altså å byggja opp noko heilt nytt i heimfylket, eit pilegrims- og retreatsenter. Ho hadde vore på retreat sjølv, no skulle ho gi vidare til andre noko ho sjølv hadde kjent gjorde godt.

På initiativ frå bispedømmerådet var stiftinga oppretta før ho kom. Den gamle Utstein Kloster skule var kjøpt inn og det var laga ein plan for korleis den kunne renoverast. Dugnadsarbeidet var starta. Men styret såg at det vart for mykje. Her trongst ein tilsett.

Det vart Reidun.

Ho kom hausten 2004 og arbeidde i halv stilling det første året. Oppgåvene voks og stillinga vart så gjort heil.

I 2016 trekte ho seg tilbake og Arvid Kaspersen vart ny dagleg leiar. Reidun heldt fram i halv stilling. For to år sidan vart det dessutan oppretta halv stilling for vertskap, så den siste tida har dei vore eit lite kollegium. I tillegg deltek ei stor gruppe frivillige medarbeidarar på ulike vis. - Det er alle dei frivillige og deira store innsats som har gjort Utstein pilegrimsgard mulig, seier ho.

 

Kom heim

Ikkje minst var det også viktig at nygifte Reidun hadde med snekkermannen Odd Kjeldsen til Utstein. Den tidlegare tømraren har lagt ned ein svært stor innsats i renoveringa av staden. Han har vore arbeidsleiar for renoveringsarbeidet og gjorde mykje av det sjølv også.

Det opplevdest som å koma heim å koma tilbake til Rogaland.

Reidun Kyllingstad er frå Figgjo, fødd i 1952.

-Mor kom frå Sokn og me reiste alltid til naboøya her om somrane. Der opplevde me nydelege feriar som betydde mykje. Og Odd si mor kom frå Ålgård, så også han har tilhøyrighet her i distriktet. Her er einaste plassen der me begge har røter. Kanskje det gjer at eg trivst så godt her. 

 

Enkelt og vakkert

Og Reidun hadde klare tankar om kva slags stad dei skulle utvikla, her skulle vera enkelt, vakkert, godt å koma til. Det vart henta inn eksperthjelp på blant anna fargar, lys og møblering og det vart tenkt kvalitet og holdbarhet. Ein eigen komite arbeidde med utsmykking.

-Det var stor enighet om at det skulle gjerast skikkeleg.  Når gjestene kjem skal det vera innbydande, ryddig og pynta slik at folk kjenner seg velkommen.

-Me veit at me ikkje alltid klarer det med å ta imot gjestene slik som me ønskjer, ting skjer og kan forstyrra. Men det er målet, og eg håper at me har greidd å møta dei aller, aller fleste på ein slik måte at dei ønskjer å koma igjen. Det er me avhengige av.

 

Tid for å slutta

Sjølv har ho altså kome til eit punkt i livet der ho vil takka av frå jobben.

-Eg er nok trøtt, seier ho. -Eg har behov for pause, kanskje eg har brukt meg sjølv litt vel mykje over lang tid. Men eg vil nok koma tilbake og bidra som frivillig. I tillegg har eg lyst å ha meir tid til å engasjera meg i nærmiljøet der me bur. Ho nemner menighetsarbeid, språkkafé og frivilligsentral. - Eg ønskjer gode relasjonar til folk i nærmiljøet.

Då Reidun og Odd kom til Utstein, kjøpte dei seg hus like ved Pilegrimsgarden. Huset er no selt til Pilegrimsgarden, og dei sjølv har kjøpt leilighet i Vikevåg.

 

Jul

Men før ho sluttar av, inviterer ho og andre til julefeiring i Pilegrimsgarden sin gode atmosfære med god mat, stillhet, gudstenester, tidebønner og fellesskap.

-Som misjonær og lærar ville eg bringa det gode budskapet lenger ut. Dei siste åra har det vorte eit kall for meg å bringa det gode budskapet om stillhet og om å falla til ro til travle medmenneske.

 

-I denne travle tida vil behovet berre auka for stillheten me har å tilby. Utstein Pilegrimsgard er komen for å bli.

 

 

Fakta:

Reidun Kyllingstad

Fødd i 1952

Oppvaksen på Figgjo

Utdanning: Lærar/lektor

Yrkeserfaring: Misjonær, bibelskulelærar, informasjonsmedarbeidar og dagleg leiar på Utstein pilegrimsgard.

 


Del denne artikkel på e-post

izmir escort izmir escort izmir escort izmir escort denizli escort antalya escort antalya escort antalya escort ankara escort ankara escort izmir escort izmir escort