Gå Kystpilegrimsleia over Jæren


Tid: Måndag 29 juli til fredag 2 august 2024

Stad: vandring frå Egersund til Stavanger

Pris: 7000 med overnatting i dobbeltrom

8000 med overnatting i enkeltrom

Sommaren 2024 er du invitert til pilegrimsvandring på Kystpilegrimsleia frå Egersund til Stavanger. Du er velkommen til å vandra saman med oss på denne fantastiske kyststrekninga!

Me startar frå Egersund kirke måndag morgon og endar opp i Stavanger fredag ettermiddag.

Me planlegg tre overnattingar på leirstaden Ognatun. Der får du oppreidd seng, frokost, matpakke og middag. Siste kvelden og siste overnatting blir på Sola Strand Hotell før me vandrar mot pilegrimsmålet vårt, St Petri kirke i Stavanger. Du blir frakta fram og tilbake til Ognatun og bagasjen blir også kjørt slik at du berre treng ein dagstursekk til sjølve vandringane.

 

Gode, inngåtte tursko og mange mil i beina er svært viktig. God oppkjøring med lange og korte gåturar vil gjera opplevinga di mykje betre og stega dine lettare.

Dagsetappane er i gjennomsnitt 20 kilometer.

Langs pilegrimsleia over Jæren ligg fleire middelalderkyrkjer, Ogna kyrkje, Orre gamle kyrkje og Sola ruinkirke i tillegg til 400 år gamle Egersund kirke, Varhaug gamle kyrkjegard og pilegrimsmålet St Petri kirke (Domkyrkja er framleis ikkje ferdig restaurert). Me ferdast langs kysten og går på sand og stiar, gras, grus og litt asfalt, og passerer blant anna Friluftsfyret Kvassheim, Obrestad fyr, Hå gamle prestegard og Friluftshuset på Orre. I løpet av dagen har me tidebønner og samling om kvelden med blant anna oppsummering av dagen

 

Vandringsleiarar er Reidun Gudmestad og Ola Undheim, pilegrimsprest er tidlegare sokneprest Andreas Haarr.

Velkommen til å vera med oss på vandring!

Trykk her for å melde deg på

Har du spørsmål: Kontakt Ola Undheim på tlf 908 58 793 eller undheimola@gmail.com

Tilbake


Del denne artikkelen på e-post