Gå Pilegrim over Jæren. Egersund - Stavanger
Gå Kystpilegrimsleia over Jæren
Tid: Tysdag 12.august til lørdag 16.august 2025
Stad: Kystpilegrimsleia frå Egersund til Stavanger
Pris: 7500 kr med overnatting i dobbeltrom,
9000 kr med overnatting i enkeltrom
Sommaren 2025 er du invitert til pilegrimsvandring på Kystpilegrimsleia frå Egersund til Stavanger. Du er velkommen til å vandra saman med oss på denne fantastiske kyststrekninga!
Me startar frå Egersund kirke tysdag morgon og endar opp i Stavanger laurdag ettermiddag.
Me planlegg tre overnattingar på leirstaden Ognatun. Der får du oppreidd seng, frokost, matpakke og middag. Siste kvelden og siste overnatting blir på Sola Strand Hotell før me vandrar mot pilegrimsmålet vårt, Stavanger domkirke.
I samband med at Stavanger feirer 900 år i 2025, vil det lørdag 16. august bli arrangert ei stor pilegrimsmesse klokka 17. Me deltek på denne som avslutning på vandringa vår.
Du blir frakta fram og tilbake til Ognatun og bagasjen blir også kjørt slik at du berre treng ein dagstursekk til sjølve vandringane.
Gode, inngåtte tursko og mange mil i beina er svært viktig. God oppkjøring med lange og korte gåturar vil gjera opplevinga di mykje betre og stega dine lettare.
Dagsetappane er i gjennomsnitt 20 kilometer.
Langs pilegrimsleia over Jæren ligg fl eire middelalderkyrkjer, Ogna kyrkje, Orre gamle kyrkje og Sola ruinkirke i tillegg til 400 år gamle Egersund kirke, Varhaug gamle kyrkjegard og pilegrimsmålet Stavanger domkirke.
Me ferdast langs kysten og går på sand og stiar, gras, grus og litt asfalt, og passerer blant anna Friluftsfyret Kvassheim, Obrestad fyr, Hå gamle prestegard og Friluftshuset på Orre. I løpet av dagen har me tidebønner. Om kvelden er det samling med blant anna oppsummering av dagen.
Vandringsleiarar er Ola Undheim og Greta Bore Haarr, pilegrimsprest er tidlegare sokneprest Andreas Haarr.
Velkommen til å vera med oss på vandring!
Har du spørsmål:
Kontakt Ola Undheim på tlf 908 58 793/ undheimola@gmail.com
eller Greta Bore Haarr på tlf 99370856/ greboha@gmail.com
Når du melder deg på må du også betale kr 500,- til konto: 3205 21 61095 og merke med: "Pilegrim 12.-16.08". Skulle du melde deg av, vil du ikke få kr 500,- tilbake. Faktura på resten av beløpet kommer.
Her kan du melde deg på
Dersom arrangementet er fullt, kan du sette deg på venteliste her